Klimascenario for
Luster og Sogndal

Korleis blir framtida?

Sogndal kommune og Luster kommune har utvikla fire klimascenario for 2040. Scenarioa er laga for å diskutere konsekvensar av klimaendringar og klimapolitikk i ein lokal kontekst, på ein handgripeleg måte. Scenarioa skal brukast for å lage ein strategi for bustad, arbeid, klima og transport. Korleis kan me legge til rette for positiv utvikling i kommunane og samstundes ta omsyn til klimautfordringa?

Kvifor scenarier?

Strategisk framsyn, eller scenarioutvikling, er eit verktøy for å identifisere nye trendar og diskutere dei i ein strategisk samanheng. Ein ser langt fram og vender merksemda mot det som skjer i omgivnadane sine. 

Framtida er uviss, men me veit at klimaendringane er reelle og at dei vil påverke både våre omgivnader og dei overordna politiske føringane. 

Desse scenarioa skal gjere det enklare for politikarar, kommunalt tilsette, næringsliv og innbyggjarar å snakke om korleis vår felles framtid blir. Målet er at disse scenarioa vil inspirere oss til å ta betre val for fremtida.
Illustrasjon for fire scenarier

Drivkreftene

Me veit at både nasjonalt og globalt vil klimaendringane bli meir omfattande og klimapolitikken bli strengare.

Det me ikkje veit er kor raskt me klarer å omstille oss lokalt. Me veit heller ikkje om me får med oss lokalsamfunna på dei store omstillingane.

Difor er scenarioa utforma med utgangspunkt i to hovedakser: grad av omstilling og grad av aksept i befolkninga.

Utforsk dei ulike scenarioa

Tilbake til toppen ↑